WEBDESIGNER
Eg utviklar webstadar til små og mellomstore verksemder. Eg jobbar i programmet Adobe Web Premium CS5. For å tilpasse ditt design vert alt koda frå grunnen av i html og css, og eg lagar ein template (mal) som går igjen på alle sider. Denne kan enkelt endrast ved seinare høve om ein vil ha inn ekstra menyknappar eller andre endringar i designet. Fargar og margar, skriftstorleik endrar ein i CSS. Med andre ord, eg brukar ikkje ferdige malar som blir fiksa på.
Å ha sitt eige webdesign som skil seg litt ut frå massen, gjer kanskje webstaden din meir attraktiv?
Oppretting av side på Facebook og profil på twitter, utarbeiding av logo, enkle annonsar, visitkort m.m., kan eg også utføre.
Ønskjer du ein avtale om at eg oppdaterar webstaden ordnar vi det, eller du kan ta kontroll over innhaldsoppdatering sjølv.
Du betalar ingen faste månadsavgifter, eg fakturerer berre når eg faktisk gjer ei oppdatering eller endring på webstaden din.
Ta uforpliktande kontakt:
Mobil: 99 73 22 05 eller post@norunn.no

Framsida
Referansar