Logo n:desgn Norunn Rønnekleiv- webutvikling og webdesign

RE-DESIGN OG FUNKSJONSANALYSE AV EKSISTERANDE WEBSTAD


Kva er ei funksjonsanalyse?
Under studia i webdesign og vidaregåande webdesign hadde funksjonsanlyse stor vektlegging. Det går ikkje på om ein brukar "wrapper" eller "tabell" i designet, men mest på om kodane (taggane) er brukt på rett stad med rette tekstar til nytte for di verksemd. Det går også på fargeval, struktur og om alt fungerer som det skal på webstaden og kanskje ikkje minst, ser google websida og innhaldet. Analyse av webstadar er noko eg har mykje kunnskap om og som eg heile tida testar i praksis når eg lagar nye webstadar. Ein kan teste sidene i W3C om kodane er rett koda, men dessverre fortel ikkje denne testen noko om ein har gløymd kodar eller plassert feil innhald i kodane.

Ynskjer du å få utført ei analyse av den eksisterande webstaden din og få råd og rettleiing om kva som bør gjerast annleis/utbetrast, kan N:design gjere ei slik analyse for deg. Ta kontakt for meir informasjon og pris.

Eg kan re-designe webdstaden din, men ikkje webstadar laga på ferdige malar frå eit eller anna program lasta gratis ned frå internett. Dette har med opphavsrett å gjere. Då ynskjer eg å lage "nytt" webdesign.