INFORMASJONSDESIGN - er ein del av det totale webdesignet
På ein måte kan ein sei at heile webdesignet er informasjonsdesign.
Men informasjonsdesignet er å strukturere innhaldet på nettstaden. Alt frå den minste menyknapp, bilete, applikasjonar til sjølve budskapet/teksten. Tekstane på webstaden er viktige, at dei formidlar rett budskap for di verksemd. Oftast ynskjer verksemdene ha kontroll over innhaldstekstane sjølve, det er trass alt dei som sel tenesta/produktet. Eg skriv tekstar og les korrektur om det er ynskjeleg, i samarbeid med di verksemd sjølvsagt.
I denne samanheng er det nok ikkje noko ulempe for meg at eg har sett innsida i mange bransjar, i både norske og utanlandske verksemder, før eg tok vidare utdanning innan webdesign. I nokre av jobbane har eg også jobba med tekstskriving, fotografering og marknadsføring. Denne erfaringa gjer at eg lett set meg inn i private verksemder sin tenkjemåte.
For meg er den personlege kontakta med verksemda viktig for å få tak i alle viktige detaljane til bruk i informasjonsdesignet. I verksemder med fleire tilsette er det lurt å ha ein fast kontaktperson til webprosjektet.
Søkemotoroptimalisering er også eit begrep innan informasjonsdesignet. Søkemotorar som Google er i min fokus under heile oppbygginga av webstaden. Erfaringane eg har gjort meg gjennom mange år gjer at eg sit på mykje kunnskap om søkemotoroptimalisering.

Framsida
Informasjonsdesign