WEBDESIGN
"Eg lagar oversiktlege webdesign med minimum av scrolling"
Dei fleste firma treng berre enkle løysingar på internett, slik at kundane finn ein og kan sjå kva tenester/varer ein tilbyr. Lange tekstar med mykje scrolling bør dei fleste av oss overlate til aviser og institusjonar som treng å nå ut med mykje informasjon.
"Eg bygger webdesignet frå grunnen av ved hjelp av xhtml og css"
Å lage webdesignet frå grunnen av betyr at eg også lagar menyapplikasjonar, heading, flashpresentasjonar og anna reklamemateriell som ditt firma ynskjer på nettstaden. Applikasjonane blir tilpassa fargane/stilen vi er blitt einige om, altså spesiallaga for ditt firma. Derfor er WordPress og andre program med ferdige malar ikkje eigna i min produksjon av webdesign. Eg held meg til W3C sine standarar når eg kodar i xhtml og css, men der er også andre omsyn ein må ta når ein kodar.
"Webdesignet vert utvikla i samarbeid med ditt firma"
Før ein byggjer eit webdesign må ein lage ein plan i samarbeid med ditt firma. Det er viktig for sluttresultatet at firmaet kan identifisere seg med webstaden, det er trass alt ditt firma som er ansvarleg for innhaldet på webstaden også når ein vel å sette bort oppdatering til andre.
"Eg tibyr eit rimeleg webdesign"
For å bygge eit webdesign tek eg ein timespris på kr. 575 + mva, men i dei fleste oppdrag vert det avtalt ein fastpris. Ta kontakt for meir informasjon om pris.

Framsida
Webdesign